2022 Inderøy, Norge

25.–29. mai 2022 arrangerte Ung kirkesang, med Vivace barne- og ungdomskor som lokalt vertskap, Norbusangfestivalen. Det lokale vertskapet med Siv Anette Lorentzen og Marianne Solbakken i spissen, hadde mobilisert eit stort apparat av frivillige til å legge til rette for eit storarta arrangement. Litt over 400 korsongarar frå Norge, Sverige, Danmark, Finland og Island møttest for å synge saman på vakre Inderøy i Trøndelag. Kora hadde eigne konsertar for kvarandre, pop-up konsertar i Straumen sentrum, deltok på workshops og song saman på fellesverk, med tekst av Kari Stai og musikk av Bjørn Alexander Bratsberg. Verket « Størst av alt» vart tinga til festivalen, og vart urframført 28. mai. Det heile vart avslutta med ein mektig konsert i Sakshaug kyrkje, der alle framførte det dei hadde lært på festivalen. Anita Brevik leia klassisk workshop SSAA, Nina Mortvedt leia Jazz-workshop, Ivar Aas hadde ansvar for workshop Disney og musikal, Frode Fjellheim og Grete Daling leia Joik i kor, medan Grete Hasselgård Sele og Rolf A. Lie steppa inn på kort varsel for å leie «Hele kroppen synger». Innstuderinga av tingingsverket vart leia av Siv Anette Lorentzen og Bjørn Bratsberg. Kora som deltok på festivalen: Ekenäs Ungdomskör, Finland, The Karsness School Choir, Island.
Frå Danmark: Vejen Kirkes Kirkekor, Budolfi Kirkes Rytmiske Juniorkor, Gammel Haderslev kirkes ungdomskor, Lystrup Kirkes Ungdomskor, Brønshøj Kirkes Pigekor. Frå Sverige: Stockholms Flickkör, Nederluleå ungdomskör. Frå UngiKor, Norge: Korintern og Kor Hærli, frå Ung kirkesang deltok desse kora: Gruben Funnygirls, Regionalt Ungdomskor Nidaros-Møre, Stavanger Domkirkes Pikekor, Nidarosdomens Jentekor, Lillestrøm kirkes barne- og ungdomskor, St. Johannes-sangerne, Bodø domkirkes jentekor, samt vertskoret Vivace barne- og ungdomskor.

Related posts